onsdag 17. november 2010



"Ambassadørane" er eit måleri av den tyske kunstnaren, Hans Holbein. Bildet blei måla i 1953 og er eit av dei mest kjende måleria frå renessansen. Motivet er dei to franskmennene Jean de

Dinteville og Georges de Selve på besøk i England i 1533. Mennene er kledd i svart, noe som uttrykka makt og rikdom. Det er mange små element og detaljar som utgjør en stor del av måleriet, og som har stor betyding når vi ser på bildet i ein historisk samanheng . Måleriet er frå renessansen, som var ein epoke på 1500-1600 talet i Europa. Kunsten og kulturen i renessansen var ein reaksjon på den føregåande epoken; middelalderen som hadde fokus på sjeleliv, religiøsitet og følelsar. Alle elementa og detaljane i måleriet skal representere dei forskjellige verdiane frå renessansen. På kommoden bak dei to personane ligger det

navigasjonsinstrumentar som kompass og kvadrant. Disse tinga representerer eit av dei fire, store,” lærde” disiplinane som var: astronomi, geometri, mattematikk og musikk. Geometri

, mattematikk og musikk er også representert på bildet ved lærebøker, måleapparat, musikkinstrument og notar.

På golvet framfor dei to mennene er det ein hovudskalle. Hovudskallen speglar folks aksepterte oppfatning av døden under renessansen. I renessansekulturen var det vanlig med eit bodskap og ein påminning som minnar oss på at alle skal dø. ”Memento mori.” Hovudskallen er eit symbol på nettopp dette. Kontrasten til hovudskallen er eit lite sølvkrusifiks bakarst i venstre hjørne. (halvvegs bak gardina) Det er eit kristent symbol på frelse og liv etter døden.

Kjelder: Dahl m. flere. Grip teksten vg2(2007). Aschehoug.

Portal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar