torsdag 4. februar 2010

Melding av "Walk The Line"



“Walk The Line” er ein Amerikansk film frå 2005. Han er regissert av James Mangold og produsert av Alan C. Blomquist. Han handlar om livet til den Amerikanske country-artisten Johnny Cash, heilt fram til hans kjende fengsels-konsert i Folsom Prison i 1968.

I 1955 gikk den barske og svartkledde Johnny Cash inn i eit platestudio i Memphis, Tennessee. Med sin Mørke stemme og sine dystre tekster forandra han amerikansk musikkhistorie for alltid. Hans dystre tekster kom frå at han veksa opp i harde kår i de deprimerande 30-åra i Arkansas, USA. Filmen handlar om ”The man in black” og hans nære forhold til suksess og nedturar, kjærleik og rusmissbruk.
Som liten blei Johnny Cash introdusert for den harde verda da hans bror og førebilete blei drepen i ei ulykke på eit sagbruk. Johnny sin far klandra Johnny for ulykka, og Johnny måtte finne trøst i musikken. Den einaste personen som hadde tru på han var mora hans. I 1955 lykkast han og han får plutseleg stor suksess. Suksessen forandrar livet hans, og vi følgjar Johnny Cash gjennom ekteskap og rusmissbruk til han møter sin store kjerleik; sangerinna June Carter. Resten av filmen handlar om June og Johnnys store kamp for å holde saman, om deira problem, og om deira oppturar. Filmen handlar om kjerleik, svik og om livets fristelsar.

”Walk The Line” er definitivt ein film som er verd å sjå, Ikkje bare for ”Cash-fans” men for film-elskere og musikk-elskere i alle aldra. Ikkje bare er filmen ekstremt velprodusert men også songane i filmen er av høg kvalitet. Alle songane i filmen er sunge av de dyktige skodespelarane i hovudrollene; Joaquin Pheonix og Reese Witherspoon som er fabelaktige i hovudrollene som Johhny Cash og June Carter.
Kjelder:
http://www.vg.no/film/film.php?id=7218 (04.01.10)
http://www.nfi.no/barnunge/skolefilmutvalget/filmanmeldelse.html
http://www.filmweb.no/kino/article80447.ece
+ hyperlenkene.

Bilde:
http://www.filmweb/kino/article80447.ece
http://stevejencks.files.wordpress.com/2008/05/walk_the_line.jpg
http://img.timeinc.net/ew/dynamic/imgs/050112/124941__walk_l.jpg