fredag 17. september 2010
Kongespegelen
Kongespegelen er ei lærebok skrevet ca. år 1250, og er noko av det siste som er skrevet i perioden med norrøn litteratur. Den er mest sannsynleg skrevet til Magnus Lagabøte, sonen til Kong Håkon Håkonsen. Kongespegelen hørar til høvisk litteratur, som er litteratur knytt til kongen og Hoffet. Forfattaren er ukjend, men forskarar meiner at språket han brukte tydar på at han kom frå Trøndelag. Somme trur også og at han hadde ein framtredande rolle på kongen sitt hoff, ettersom han var ein lærd person med kunnskapar om Teologi, astronomi og både norsk og utanlandsk litteratur.
Kongespegelen er skrevet som en dialog mellom ein far og hans son, der sonen still spørsmål og faren svarar og gir råd om korleis ein ung mann skal oppføre seg uansett yrke, og korleis han skal te seg på en høvisk måte, det vil sei korleis man oppførar seg edelt og moralsk riktig. Boka er delt inn i tre delar. Den første handlar om kjøpmannen, og den tar for seg kunnskap om land og folk. Den andre delen handlar om hirdmannen, og korleis en som er ansatt på slotter skal te seg. Den tredje og siste delen handlar om korleis kongen skal styre.
Her er ein link til ein dramatisering av kongespegelen, laga av språkforskar Arne Torp.
Kjelder:
Dialektxperten
Wikipedia
Abonner på:
Innlegg (Atom)